Monday, April 27, 2009

Livet i Norge

No e det over to måneder sia eg kom heim frå Kenya, sjøl om det faktisk føles lengre. Kenya virker så fjernt, nesten som ein anna verden. Nåkke som det jo på ein måte e. For kulturforskjellene e enorme, og det merkes. Vil ikkje sei at eg fekk kultursjokk når eg kom tilbake til Norge, men det eg opplevde der nede har satt sine spor i meg, meir og mindre merkbare. Mest merkbart e nok forholdet mitt til penger. Der eg før kjøpte det eg hadde lyst til så lenge det va penger på kontoen, har eg no begynt å tenke over om eg virkelig treng det eg har lyst på. Og svaret e ofte nei. Eg e nok fortsatt ikkje flink nok til å gi til dei som treng det meir enn meg, men det e ein begynnelse.

Før eg reiste frå Kenya såg eg for meg at når eg kom til Norge kom eg til å vere kjempeivrig med å fortelle folk om ka eg hadde lært og opplevd, så eg blei litt overraska når eg kom heim og ikkje klarte å svare på spørsmål om nettopp ka eg hadde lært og opplevd. Grunnen e nok at det rett og slett e for mange inntrykk, for mange opplevelser og for mange tanker på ein gang. Og eg trur ikkje eg har heilt fått sortert dei ennå. Eg har faktisk ikkje prøvd så hardt. For eg har det bra her i Norge, og det e så masse lettere å konsentrere seg om ting som skjer her enn å skru tida tilbake og sortere inntrykk frå Kenya. Sjøl om eg veit at eg burde gjort det, og eg vil gjere det. For eg lærte og opplevde så masse som eg vil ta med meg videre til Norge og bygge videre på her.

Kenya dukker opp i tankene mine støtt og stadig, og enkelte ting savner eg, mens andre ting savner eg ikkje. Når eg tenker på alt eg opplevde så virker det så langt vekke. Det gjer ikkje så masse inntrykk på meg som det burde gjort. Men av og til merker eg det på kroppen. Som i dag når eg va på g2 i storsalen. Vi sang "Hosanna", ein sang som eg "oppdaga" teksten på først på DTS. Bridgen går sånn:

Heal my heart and make it clean
Open up my eyes to the things unseen
Show me how to love like you have loved me

Break my heart for what breaks yours
Everything I am for your kingdoms cause
As I walk from earth into eternity

Sangen traff meg nesten like hardt i dag som den gjorde første gang eg sang den i Kenya. Det e det Gud vil, at vi skal elske kvarandre sånn som han elsker oss. At vi skal gi videre av den kjærligheten. Når eg sang dette på møtet i dag begynte eg nesten å grine. På et par sekund kom ein haug med inntrykk, følelser og lærdommer frå Kenya tilbake. Det e gode minner. Problemet e bare at det e ikkje meininga at dei bare skal vere minner. Eg vil ikkje glømme dei for alt i verden. Så kom savnet til fellesskapet vi hadde på DTS. Den frie lovsangen der det va greit å danse, greit å stå i ro, greit å løfte hendene, greit å grine. På mange gudstjenester/møter her i Norge føler eg meg fanga. Ting e fastlagt, bygd opp etter et fast mønster der du blir sett på hvis du bryt dei uskrevne reglene. Men mest savner eg fellesskapet med mennesker som e så forskjellige frå meg, men som har den samme iveren etter å bli bedre kjent med Gud. Og eg blei bedre kjent med Gud nettopp ved å bruke tid sammen med disse menneskene. Eg merker savnet etter et lignende fellesskap her.

Eg har det bra for tida. Har det eg treng for å leve et komfortabelt liv, nåkke eg på mange måter har gjort sia eg kom tilbake. Så e bare spørsmålet om det va derfor Gud ville ha meg til Kenya, for at eg skulle leve utenfor comfortsonen et halvt år for så å tre inn i den igjen? Tviler på det. For tross at eg har det veldig bra, så e eg faktisk ikkje heilt komfortabel med å ha det så bra. Kanskje på tide å ta ein opprydning i Kenyainntrykkene?