Sunday, November 23, 2008

Listeoppdatering

Dei to siste vekene har eg:
  • hatt bra undervisning om Fatherheart of God av Claude, som e halvt fransk tysker som bor i England og USA.
  • skjoent kor heldig eg e som har vokst opp i ein saa god familie som eg har.
  • feira romkameraten min Chanee sin 25-aarsdag
  • hatt "secret angel"-veke, der du skal vere ein engel (vere snill med, gi lapper, presanger) til ein av dei andre her uten aa vite kem som e din engel.
  • faatt to poser popcorn, en pose chips, to brus, en juice, en hotdog, to pakker kjeks, en kjaerlighet, et par oereringer og et par lapper fraa min engel. Tok heilt av!
  • staatt opp frivillig kl kvart paa 6, fem dager i veka for aa trene styrke/gaa tur.
  • hatt saa vondt i musklene at eg nesten ikkje har klart aa gaa
  • stressa med ka eg skal gjere etter DTS'en, kor eg skal bo, kor eg skal jobbe, ka eg skal studere.
  • blitt minna paa om at Gud har planen klar for meg, saa eg treng ikkje stresse.
  • blitt med i lovsangsteamet her, pluss faatt som oppgave aa lede lovsangen sammen med to andre paa minioutreachen vi skal paa i desember
  • sett 17 giraffer paa ein av turene vaare i bush bushen tidlig paa morningen (og ingen av oss hadde med kamera)
  • gaatt tur samme plass til samme tid dagen etter, med kamera, uten aa finne ein einaste giraff som va naermt nok til aa ta bilde av
  • ete 5 teremitter (sjaa bilder paa forrige post)
  • feira 3 og et halvt aarsdagen til meg og Torboern med kake og 20 minutts telefonsamtale
  • mata unger paa et barnehjem og sett ut som et fugleskremsel etterpaa paa grunn av all maten dei sleva paa meg
  • spilt med den falskeste gitaren du kan tenke deg paa gudstjeneste
  • blitt meir og meir imponert over Guds fantastiske skaperverk
  • hatt ei veke med usannsynlig toerr undervisning om world view, der taleren etter tre dager kom til konklusjonen at "every culture has different world views". for det visste vi i alle fall ikkje fraa foer... :P
  • brukt undervisningen til aa skrive ein haug med brev
  • faatt to brev:)
  • funne ein ting til aa foeye til paa lista mi over ting eg skal sette meir pris paa naar eg kjem heim: plenklipper!
  • lagd chapati to dager, og fredag laga eg ein chapati som va forma som Norge. saa naar den va steikt viste eg dei andre kor eg bor og kor Ole Gunnar Solskjaer kjem fraa, og saa aat vi den:)
  • ete 5 chapati til et maaltid! (vi hadde saa mange til overs at vi ville finne ut kor mange vi klarte aa ete. vanligvis e eg mett etter 2)
  • lagd nedtellingskalender til Torbjoern, Ingvild og Regine kjem (18 dager i dag! :D)
  • snakka i 1 og en halv time med Linda Renate paa telefonen! (ho e paa jobb i nordsjoen og ringer gratis)
  • gaatt lang tur gjennom bush bushen og sett haugevis med gaseller, giraffer, antiloper, sebraer og kyr. koffor i all verden bruke penger paa safari naar du har disse dyrene som nabo...:)
  • vore paa gudstjeneste i ICC, der obama bare blei nevnt ein gang..:P

Thursday, November 20, 2008

Snacks, anyone?


Plukk en kopp eller to med teremitter



Steik forsiktig et par minutter. Plukk en som e passelig sproe.



Legg den paa tunga (men husk aa fjern vingene foerst).


Enjoy:)

Monday, November 10, 2008

Paa soeken etter vesten i Kenya

Eg tar jo heilt av, to innlegg paa ein dag! Men det forrige va bare for aa faa ut litt frustrasjon, saa no kjem det egentlige innlegget eg hadde tenkt aa skrive.

Har hatt to supre helger sia sist! Forrige helg va som sagt eg og fem andre paa den norske skulen og overnatta ei natt, naakke vi paa ingen maate angrer paa. For oss som e vant til veldig enkel levestandard, saa va dette reine luksusen. Mjuke senger, godt utstyrt kjoekken, stue, skikkelige do, vasker, varme dusjer og badebasseng. Og det utnytta vi selvfoelgelig! Det regna og tordna naar vi kom der, men hvis du trur at det hindra oss fraa aa teste bassenget, saa maa du tru om igjen. Det va herlig forfriskende. Og den varme dusjen etterpaa va himmelsk. Det hoerest kanskje ikkje saa fantastisk ut for alle daakke der heime, men dette e paa ingen maate kvardagskost her. Paa basen har vi ikkje dusjer, og spesielt ikkje varme dusjer, saa tenk paa det neste gang du irriterer deg over at vatnet e bittelitt for kaldt eller varmt i dusjen heime.

Saa til grunnen for at vi i det heile tatt va paa den norske skulen. For Fredtun va paa sin aarlige tur til Kenya, og eg ville gjerne treffe laererne mine derfra. Eg kjente ingen av elevene, men va utrulig koselig aa treffe igjen Mari og Anne Torhild. Vi fraa DTSen hadde ein liten presentasjon av oss sjoel paa kveldssamlingen til Fredtun, og saa fortalte eg om meg sjoel og om YWAM. Etterpaa blei eg sittende og prate med naakken av elevene og med laererne om livet i Kenya og livet paa Fredtun. Va heilt merkelig, for eg va i Kenya, men paa den norske skulen med norske folk, og saa va folk fra DTSen der. Va som om eg va i to verdener samtidig. Fant forresten ut at eg maa snakke norsk oftere, om eg saa bare snakker til meg sjoel, for eg e heilt ute av norskpratingen. Snakka med ei fraa Sotra som gaar paa Fredtun, og ho hoerte at eg va fraa Bergensomraadet, men ho klarte ikkje aa plassere meg, for eg hadde naakken merkelige ord og maater aa sei ord paa innimellom. Og det skjedde meir enn ein gang at eg maatte tenke meg om to ganger foer eg sa et ord, og fleire ganger glapp det ut engelske ord midt i ein norsk setning. Og det e etter ein maaned her. Eg har vel gloemt ka norsk e foer eg kjem heim i februar...

Soendag hadde vi planer om aa gaa paa gudstjeneste i Nairobi, men vi fant ut at vi bare skulle ta livet heilt med ro paa den norske skulen. Skikkelig herlig! Kaffi og toasta broed med sjokoladepaalegg til frokost. Amerikanerne veit forresten ikkje ka vannkoker e. Vi hadde instant coffee, saant pulver du blander med kokende vatn, og vi gjekk til kjoekkenet for aa koke vatn. Ei av dei ser rundt seg, og saa henter ho kaffitrakteren for aa koke vatn i den. Litt forvirra spoer eg ho om koffor ho ikkje bruker vannkokeren. Like forvirra spoer ho meg ka i all verden det e. Dei andre hadde heller ikkje peiling. Artig.

Veka med undervisning gjekk veldig fort, og plutselig va det helg igjen. To frihelger paa rad. Loerdagen va den slappeste dagen eg har hatt her saa langt. Bare roa heilt ned, leste litt, gjorde "leksene" mine, lagde middag og saag film. I gaar va eg som sagt paa gudstjeneste i Nairobi. Ut fraa det forrige innlegget kan det sjaa ut som om det va ein negativ opplevelse, men det va stort sett bare det med Obama som va negativt. Vi va i ei kirke som heite ICC, og som e det naermeste du kjem til ei vestlig kirke i Kenya. Ironisk nok va vi omtrent dei einaste kvite personene der, men det va uansett ein meir kjent setting enn dei andre gudstjenestene eg har vore paa her til no. E nok ikkje siste gang vi e der. Hoerest kanskje litt rart ut at vi e i Kenya og oppsoeker vestlige ting, men av og til saa treng vi aa kjenne oss litt meir heime. Og i gaar va ein saann dag. For gudstjenesten va ikkje det einaste vestlige innslaget...

Etter gudstjenesten va planen aa gaa dei 30 minuttene inn til sentrum for aa ete. Vi maatte bare ein liten tur innom Nakumatt mega, som e eit enormt supermarked. Vi skulle bare inn for aa sjekke om dei hadde liggeunderlag, men endte opp med alt anna. Hadde det ikkje vore for at vi va skrubbsultne og maatte videre, saa hadde nok lommeboekene vaare hatt det ganske vondt etterpaa. Supermarked e nemlig ikkje kvardagskost her, det heller. Og spesielt ikkje supermarked med nutella (skulle selvfoelgelig oenske at dei hadde nugatti, men det va litt for masse aa haape paa), pringles og diverse anna kjent snacks. Og for ikkje aa snakke om ein svaer avdeling med frisk frukt! Vi faar ikkje saa masse frukt paa basen, naakke som e synd siden frukt smaker masse bedre her enn heime. Saa eg kjoepte ein haug med frukt. Nok om det. Neste stopp va Pizza inn, stamstedet vaart for lunch i Nairobi. Pizzaen der e saaaaa god! Og etterpaa aat vi naakke vi har lengta etter siden vi kom her: is. Stor jordbaer og vaniljeis med banan og masse sjokoladesaus. NAM! No maa daakke tru at alt vi tenker paa her e mat. Det e ikkje heilt sant, men akkurat i gaar saa va det omtrent hoegdepunktet. Eller, dagen va egentlig full av hoegdepunkt. For etter isen gjekk vi inn paa Hilton (jepp, luksushotellet Hilton) og gjekk paa do. For vanlige offentlige toalett her e ikkje akkurat vakre. Og om du gaar paa et do her, soerg for aa ha med deg dopapir i veska, for det e slett ikkje ein selvfoelge at du finn det paa doen. Saa toalettbesoek paa Hilton va ganske bra. Som Sarah uttrykte det naar vi va der: "Gosh, this is soo good! I could just sit here forever!" Og rett etterpaa: "Wow, it is actually flushing!" Hehe..

Det neste hoegdepunktet kom rett etterpaa, daa vi gjekk til internettcafeen, og eg fekk endelig snakka med Torbjoern paa skype. I ein heil time! Utrulig deilig aa faa snakke med han uten aa tenke paa at det koster saa og saa masse i minuttet. I dag e det faktisk akkurat ein maaned til han, Ingvild og Regine reiser fraa Norge, saa om ein maaned og ein dag e dei her i Kenya! Gleder meg saa utrulig masse til dei kjem! Kanskje dei kan faa litt skikk paa norsken min igjen og:)

No e det kvardag igjen. Ja, for livet her e ganske vanlig no. Frokost-quiet time-worship-lecture-tepause-lecture-lunch-work duty-fri-middag-fri-personal study/lecture/outreach-planlegging. Men eg proever saa godt eg kan at kvar dag ikkje ser akkurat lik ut. For rutiner e vel og bra, men dei kan vere ganske farlige og. Naar ting blir for kvardagslig og kjedelig. Og det e jo ikkje derfor eg e her. Heldigvis har vi ulike talere kvar veke og ulike tema, saa det e jo variasjon i seg sjoel. Og til helga har vi ministry weekend der vi skal besoeke et barnehjem. Og naar vi kjem til hovedoutreachen saa kjem det til aa bli alt anna enn kjedelig. Saa eg har masse aa sjaa fram til. Det eg proever paa, men som e veldig vanskelig, e aa leve i nuet, ta sjansene som e akkurat no, og leve ut den dagen som e akkurat i dag, i steden for aa bare tenke paa det som ligg framfor meg. Uansett saa e eg saa utrulig gla for at Gud maste paa meg lenge nok til at eg tok mot til meg og reiste hertil. Det gjekk opp for meg i gaar naar eg va i Nairobi kor heldig eg e som faar oppleve det her! Det e virkelig ein opplevelse for livet.

Obama, Obama, Obablabla

Daakke maa ikkje tru at eg e heilt isolert fraa ka som skjer rundt om i verden for det om eg bor in the bush bush. Naakken har kanskje faatt med seg at USA’s nye president har roetter her i Kenya, naakke som desverre folk her har faatt med seg her og. Klart at kenyanerne, og spesielt dei fraa omradet der Obama stammer fraa, maa faa lov til aa syns det e artig at han e herfra, men problemet e bare at det tar heilt av. Regner med at presidentvalget har faatt sin plass og vel saa det paa tv og i avisene i Norge og, men tviler paa at det e like gale som her. Av og til saa lurer eg paa om kenyanerne trur at det e dei som har faatt ny president. Og for naakken saa e det akkurat det dei trur. At siden Obama stammer fraa Kenya, saa kjem han til aa fikse alt som e gale her, slette gjeld og ordne opp i andre pengeproblem, fjerne korrupsjon osv. Ein frelser med andre ord. Sannheten e at Obama knapt har satt sine foetter i Kenya, og eg tviler sterkt paa at han prioriterer Kenya framfor USA. Kanskje han sender naakken slanter ned her, men at han skal gjere naakke revolusjonerende her e litt for naivt aa tru.

Naar eg kom til Kenya for litt over ein maaned sia visste eg nesten ingenting om valget i USA. Det tok ikkje mange dager her foer eg va fullt opplyst om kem kandidatene va, og kem som va favoritten. Alle kenyanerne her, bortsett fraa ein som toer aa skille seg ut, ville at Obama skulle vinne. Og det e som daakke sikkert forstaar ikkje fordi han foerer saa god politikk. Det e bare fordi at han stammer herfra. Eg har nevnt tidligere at det e tre amerikanske studenter her paa basen. Naturlig nok har dei fulgt med paa valget, og dei va ganske sjokka over interessen for valget her nede. Dei syns det e latterlig at folk her gaar crazy paa grunn av et presidentvalg i et land langt langt vekke. Og det skjoenner eg godt. Et par eksempel paa at det har gaatt litt for langt. Dagen etter valget fekk fem nyfoedte gutter i Kenya navnet Obama. Og like mange jenter fekk navnet Michelle, som e kona til Obama. I helga blei det arrangert store fester for aa feire at det va han som vant. Og et eksempel fraa i gaar. Sarah (fraa England), Zach (USA) og eg va paa gudstjeneste i Nairobi. Enkelte ganger under gudstjenesten begynte eg aa lure paa om det va Gud vi va komt for aa lovsynge eller om det va Obama. For Obama blei nevnt fem ganger i loepet av gudstjenesten, og dei fekk han til aa framstaa som ein helt. Virkelig unoedvendig aa dra det inn i ein gudstjeneste. Saa eg e mildt sagt lei av heile Obama, og det e takket vaere Kenya. Haaper det roer seg ned snart, og at folk innser at han ikkje kjem til aa sette Kenya oeverst paa lista over ting som maa gjerest.

Saturday, November 1, 2008

Frihelg

For dei som syns det begynte aa bli lenge sia siste innlegg her no, saa e det av den enkle grunn at ting gaar i ett her. Men no e det heldigvis frihelg, saa e i Nairobi som vanlig. Men det e likevel ikkje ei vanlig frihelg, for etter at vi e ferdig med internett og diverse shopping i dag, saa skal eg og 5 andre videre til den norske skulen i Nairobi og overnatte der til i maaro. Grunnen til det e at Fredtun e paa sin aarlige tur til Kenya no, og eg vil gjerne treffe laererene mine og faa snakka litt etterlengta norsk. Egentlig skulle bare eg og ei anna innom et par timer og sei hei og reise igjen, men saa begynte naakken aa snakke om at dei ville paa gudstjeneste i Nairobi paa soendag, og at det e lite vits i aa reise heile veien tilbake paa basen for saa aa reise inn igjen tidlig paa soendag. Saa daa blei det snakk om aa overnatte der. Naar eg nevnte at det e badebasseng der, og dusjer, saa va vi plutselig 9 personer som ville ta turen! Etter litt fram og tilbake og naakken som trekte seg, saa e vi no 6 personer som skal overnatte. Det kan ikkje beskrives med ord kor masse eg gleder meg til bassenget altsaa. Eg e ikkje saa glad i basseng i Norge, men naar du bor in the middle of nowhere langt fraa sjoe og strender, og uten dusjer, saa blir nok dette maanedens hoeydepunkt. Hehe. Saa det blir bra.

I gaar va eg og to andre ute og gjekk tur i bushen, daa han eine plutselig stopper braatt. Og der, bak naakken busker paa hoegre side av oss staar det jammen meg ein giraff og glaner paa oss. Han sto der ei stund, men han likte tydeligvis ikkje aa bli tatt bilde av, saa han snudde ryggen til og spaserte vekk. Men vi hadde ikkje faatt nok, saa vi proevde alle mulige slags triks for aa faa han til aa komme vaar vei, men det gjekk ikkje. Men vi va gla og fornoeyd uansett. Og vi gleder oss fortsatt til den dagen ein giraff tramper ned gjerdet og kjem og banker paa vinduene paa rommene vaare og vekker oss om morgenen:)

Forrige helg va foerste skikkelige ministryweekend. Foerste halvdel av loerdag gjekk med til aa ha opplegg for dei 15 ungene som bor her paa basen. Hadde foerst andakt og sanger, og saa gjekk vi ut og hadde leiker med dei. Veldig artig, men dei har sjuke mengder med energi, saa vi va heilt utkjoert naar vi skulle videre til ein ungdomsskule og ha opplegg der. For det meste saa gaar vi til dei plassane vi skal, saa lenge det ikkje tar masse over ein time aa gaa. Paa loerdag va det ca ein time kvar vei. Va blanda jente og gutteskule der vi foerst hadde sanger og drama, og saa spilte vi fotball og volleyball med dei. Soendag delte vi oss i tre grupper og gjekk til tre ulike kirker og hadde drama, preike og bibelstudie. Eg hadde veldig lite ansvar paa gudstjenesten, e langt fra klar til aa ha f.eks preike ennaa. Men ein dag e det vel min tur. Gudstjenesten va forresten ein ganske traumatisk opplevelse. Knoettlita kirke (skur), der vi fraa basen utgjorde meir enn 50% av forsamlingen. Tingen med dei fleste kirkene paa denne stoerrelsen e at dei av ein eller anna merkelig grunn MAA ha hoegtaleranlegg, sjoel om kirka e saa liten at du hoerer godt naar ein person snakker vanlig. Men dei som taler her e langt fraa stille, dei roper! Inn i mikrofonen. Og hoegtaleranlegget, som vanligvis e i ganske daarlig stand skurrer og lager faele lyder. Dette e ganske vanlig. Men det som va vaerst paa denne gudstjenesten va lovsangen. Dama som va forsanger sang fint. Og han som spilte keyboard spilte forsaavidt ikkje saa verst. Problemet va at dei va i kvar sin verden, saa det dei spilte stemte paa ingen maate overens med kvarandre. Og lyden va selvfoelgelig paa fullt. Eg va saa |-| langt fraa aa snike meg fram og dra ut stikkontakten, men eg klarte heldigvis aa la vere. Dette va heldigvis ein kort gudstjeneste, hvis ikkje veit eg ikkje ka eg hadde gjort. Kirka vi skal til i maaro e ei stoerre, meir vestlig kirke, saa der forventer eg i alle fall at bandet klarer aa spille i samme takt...

Mens vi e inne paa kulturelle forskjeller, saa merkes det godt at vi kjem fraa totalt forskjellige kulturer. Heldigvis saa e dei fleste forskjellene bare artige, saa vi kan sitte i fleire timer bare aa snakke om kor rar kenyanerne syns vaar kultur og omvendt. Vi e 18 elever paa DTSen: 8 jenter og 10 gutter. Ei fraa England, tre fraa USA, ein fraa Nigeria, ein fraa Uganda og 11 fraa Kenya. Naturlig nok saa heng vi fraa vesten ein del i lag, men har allerede faatt gode venner blant dei andre og. Eg bor paa rom med Chanee som e fraa Texas, og Angeline som e fraa Kenya. Trives godt med det, men maa inroemme at forskjellen mellom vesten og afrika merkes godt her. Som for eksempel: E det noedvendig aa staa opp grytidlig for aa subbe over golvet, aapne doera med et brak og begynne aa vaske kler inne paa rommet foer vi andre har staatt opp? Eller hoere paa radio etter at vi har lagt oss? Eller aa fjerne alle tingene mine fraa bordet, for saa aa plassere det midt paa golvet og begynne aa stryke klaer etter leggetid? Trur hovedforskjellen her e at vi e veldig forsiktig aa stille naar andre fortsatt sov, mens kenyanerne har ein lei vane til aa braake litt masse. Men alt dette e bare smaating, saa eg skal ikkje klage. Eg e sikker paa at ho irriterer seg over minst like mange ting som vi gjer. Den eineste tingen som virkelig har frustrert meg og ein del andre va forrige veke. Vi har ein stor vanntank her paa basen, som egentlig ikkje e saa stor naar vi e over 50 personer som skal dele paa den. Denne gjekk tom i forrige veke, saa vi hadde veldig begrensa med vatn. Vi fekk beskjed om aa vaske kler og dusje minst mulig, det vil sei vaske kler ein gang i veka og dusje annakvar eller tredjekvar dag (ja, vi lukta veldig godt:) ). Heilt greit. Dei fleste afrikanerne derimot, dusja fortsatt kvar dag, og vaska kler kvar dag fortsatt, sjoel om vi nesten ikkje hadde vatn aa drikke. Jada, vi overlevde, men litt frustrert, og litt overraska over kor sjukt reinslige afrikanerne e. For det e oss fraa vesten som e dei mest skitne her. Og vi trives med det. Hehe..:)

No blei det masse klaging her, men det va bare for aa vise at vi ikkje e supermennesker som takler alle forskjeller perfekt her paa basen. Vi laerer masse om kvarandre og oss sjoel kvar dag, og ikkje minst om Gud. Saa paa tross av dei smaa kulturelle frustrasjonene, saa har eg det heilt supert her. E sikkert ein heil masse eg kunne ha skreve her, men no trur eg dette innlegget naermer seg langt nok. Setter stor pris paa alle kommentarer paa bloggen! Men daakke e ikkje saa flink aa sende mail (hint hint), eller brev for den saks skyld;) Har veldig lyst aa hoere litt om ka som foregaar heime!

Mungu akubariki!