Monday, November 10, 2008

Paa soeken etter vesten i Kenya

Eg tar jo heilt av, to innlegg paa ein dag! Men det forrige va bare for aa faa ut litt frustrasjon, saa no kjem det egentlige innlegget eg hadde tenkt aa skrive.

Har hatt to supre helger sia sist! Forrige helg va som sagt eg og fem andre paa den norske skulen og overnatta ei natt, naakke vi paa ingen maate angrer paa. For oss som e vant til veldig enkel levestandard, saa va dette reine luksusen. Mjuke senger, godt utstyrt kjoekken, stue, skikkelige do, vasker, varme dusjer og badebasseng. Og det utnytta vi selvfoelgelig! Det regna og tordna naar vi kom der, men hvis du trur at det hindra oss fraa aa teste bassenget, saa maa du tru om igjen. Det va herlig forfriskende. Og den varme dusjen etterpaa va himmelsk. Det hoerest kanskje ikkje saa fantastisk ut for alle daakke der heime, men dette e paa ingen maate kvardagskost her. Paa basen har vi ikkje dusjer, og spesielt ikkje varme dusjer, saa tenk paa det neste gang du irriterer deg over at vatnet e bittelitt for kaldt eller varmt i dusjen heime.

Saa til grunnen for at vi i det heile tatt va paa den norske skulen. For Fredtun va paa sin aarlige tur til Kenya, og eg ville gjerne treffe laererne mine derfra. Eg kjente ingen av elevene, men va utrulig koselig aa treffe igjen Mari og Anne Torhild. Vi fraa DTSen hadde ein liten presentasjon av oss sjoel paa kveldssamlingen til Fredtun, og saa fortalte eg om meg sjoel og om YWAM. Etterpaa blei eg sittende og prate med naakken av elevene og med laererne om livet i Kenya og livet paa Fredtun. Va heilt merkelig, for eg va i Kenya, men paa den norske skulen med norske folk, og saa va folk fra DTSen der. Va som om eg va i to verdener samtidig. Fant forresten ut at eg maa snakke norsk oftere, om eg saa bare snakker til meg sjoel, for eg e heilt ute av norskpratingen. Snakka med ei fraa Sotra som gaar paa Fredtun, og ho hoerte at eg va fraa Bergensomraadet, men ho klarte ikkje aa plassere meg, for eg hadde naakken merkelige ord og maater aa sei ord paa innimellom. Og det skjedde meir enn ein gang at eg maatte tenke meg om to ganger foer eg sa et ord, og fleire ganger glapp det ut engelske ord midt i ein norsk setning. Og det e etter ein maaned her. Eg har vel gloemt ka norsk e foer eg kjem heim i februar...

Soendag hadde vi planer om aa gaa paa gudstjeneste i Nairobi, men vi fant ut at vi bare skulle ta livet heilt med ro paa den norske skulen. Skikkelig herlig! Kaffi og toasta broed med sjokoladepaalegg til frokost. Amerikanerne veit forresten ikkje ka vannkoker e. Vi hadde instant coffee, saant pulver du blander med kokende vatn, og vi gjekk til kjoekkenet for aa koke vatn. Ei av dei ser rundt seg, og saa henter ho kaffitrakteren for aa koke vatn i den. Litt forvirra spoer eg ho om koffor ho ikkje bruker vannkokeren. Like forvirra spoer ho meg ka i all verden det e. Dei andre hadde heller ikkje peiling. Artig.

Veka med undervisning gjekk veldig fort, og plutselig va det helg igjen. To frihelger paa rad. Loerdagen va den slappeste dagen eg har hatt her saa langt. Bare roa heilt ned, leste litt, gjorde "leksene" mine, lagde middag og saag film. I gaar va eg som sagt paa gudstjeneste i Nairobi. Ut fraa det forrige innlegget kan det sjaa ut som om det va ein negativ opplevelse, men det va stort sett bare det med Obama som va negativt. Vi va i ei kirke som heite ICC, og som e det naermeste du kjem til ei vestlig kirke i Kenya. Ironisk nok va vi omtrent dei einaste kvite personene der, men det va uansett ein meir kjent setting enn dei andre gudstjenestene eg har vore paa her til no. E nok ikkje siste gang vi e der. Hoerest kanskje litt rart ut at vi e i Kenya og oppsoeker vestlige ting, men av og til saa treng vi aa kjenne oss litt meir heime. Og i gaar va ein saann dag. For gudstjenesten va ikkje det einaste vestlige innslaget...

Etter gudstjenesten va planen aa gaa dei 30 minuttene inn til sentrum for aa ete. Vi maatte bare ein liten tur innom Nakumatt mega, som e eit enormt supermarked. Vi skulle bare inn for aa sjekke om dei hadde liggeunderlag, men endte opp med alt anna. Hadde det ikkje vore for at vi va skrubbsultne og maatte videre, saa hadde nok lommeboekene vaare hatt det ganske vondt etterpaa. Supermarked e nemlig ikkje kvardagskost her, det heller. Og spesielt ikkje supermarked med nutella (skulle selvfoelgelig oenske at dei hadde nugatti, men det va litt for masse aa haape paa), pringles og diverse anna kjent snacks. Og for ikkje aa snakke om ein svaer avdeling med frisk frukt! Vi faar ikkje saa masse frukt paa basen, naakke som e synd siden frukt smaker masse bedre her enn heime. Saa eg kjoepte ein haug med frukt. Nok om det. Neste stopp va Pizza inn, stamstedet vaart for lunch i Nairobi. Pizzaen der e saaaaa god! Og etterpaa aat vi naakke vi har lengta etter siden vi kom her: is. Stor jordbaer og vaniljeis med banan og masse sjokoladesaus. NAM! No maa daakke tru at alt vi tenker paa her e mat. Det e ikkje heilt sant, men akkurat i gaar saa va det omtrent hoegdepunktet. Eller, dagen va egentlig full av hoegdepunkt. For etter isen gjekk vi inn paa Hilton (jepp, luksushotellet Hilton) og gjekk paa do. For vanlige offentlige toalett her e ikkje akkurat vakre. Og om du gaar paa et do her, soerg for aa ha med deg dopapir i veska, for det e slett ikkje ein selvfoelge at du finn det paa doen. Saa toalettbesoek paa Hilton va ganske bra. Som Sarah uttrykte det naar vi va der: "Gosh, this is soo good! I could just sit here forever!" Og rett etterpaa: "Wow, it is actually flushing!" Hehe..

Det neste hoegdepunktet kom rett etterpaa, daa vi gjekk til internettcafeen, og eg fekk endelig snakka med Torbjoern paa skype. I ein heil time! Utrulig deilig aa faa snakke med han uten aa tenke paa at det koster saa og saa masse i minuttet. I dag e det faktisk akkurat ein maaned til han, Ingvild og Regine reiser fraa Norge, saa om ein maaned og ein dag e dei her i Kenya! Gleder meg saa utrulig masse til dei kjem! Kanskje dei kan faa litt skikk paa norsken min igjen og:)

No e det kvardag igjen. Ja, for livet her e ganske vanlig no. Frokost-quiet time-worship-lecture-tepause-lecture-lunch-work duty-fri-middag-fri-personal study/lecture/outreach-planlegging. Men eg proever saa godt eg kan at kvar dag ikkje ser akkurat lik ut. For rutiner e vel og bra, men dei kan vere ganske farlige og. Naar ting blir for kvardagslig og kjedelig. Og det e jo ikkje derfor eg e her. Heldigvis har vi ulike talere kvar veke og ulike tema, saa det e jo variasjon i seg sjoel. Og til helga har vi ministry weekend der vi skal besoeke et barnehjem. Og naar vi kjem til hovedoutreachen saa kjem det til aa bli alt anna enn kjedelig. Saa eg har masse aa sjaa fram til. Det eg proever paa, men som e veldig vanskelig, e aa leve i nuet, ta sjansene som e akkurat no, og leve ut den dagen som e akkurat i dag, i steden for aa bare tenke paa det som ligg framfor meg. Uansett saa e eg saa utrulig gla for at Gud maste paa meg lenge nok til at eg tok mot til meg og reiste hertil. Det gjekk opp for meg i gaar naar eg va i Nairobi kor heldig eg e som faar oppleve det her! Det e virkelig ein opplevelse for livet.

4 comments:

Linda Renate said...

Halleluja, ikkje gløm norsk ;)
Kjempekjekt å lesa frå deg :D
Eg e gla i deg Stine!

ingvild. said...

Åååå, eg gler meg te sjå deg og få deg til å øve deg på norsk i 10 dagar!

Suuz Neko said...

venninna til lillesøstra mi går på Fredtun. :) Kanskje hun var der? Husker ikke hvilken linje hun går på men...

ååh jeg får så lyst til å studere i utlandet når jeg leser her! :D

Ragnhild said...

Åh, eg skulle ønske eg kunne komme på besøk eg og!
Savne deg , tøtto mi!