Saturday, September 6, 2008

Kordan eg havna der eg e i dag

I mai skreiv eg et innlegg i den andre bloggen min om bakgrunnen for at eg no skal til Kenya. Eg føler at det innlegget hører heime i denne bloggen og, så her e det:

tirsdag, mai 20, 2008

Sånn kan det gå når ting blir snudd på hodet
Det begynner å bli ei stund sia eg skreiv dette innlegget om ka eg skal gjere til høsten. Heldigvis e ikkje forvirringa like stor ennå. Dei fleste har fått med seg at eg va i Kenya med Fredtun i fjor. Når eg ser tilbake på det så e det utrulig kor eg har forandra syn på mange ting etter at eg va på den turen. Afrika va for meg synonymt med fattigdom, tynne folk med oppblåste mager, krig og kjedelige reportasjer på dagsrevyen. Som eg har skreve om tidligere, her og her, blei dette synet på Afrika kraftig forandra når eg va der nede. Det kan vel trygt sei at enkelte ting har blitt snudd på hodet sia det. Stine Karin som aldri har hatt nåkken interesse av å reise og oppleve verden utenfor Europa, har plutselig lyst til å reise rundt i heile verden for å oppleve ulike kulturer og treffe forskjellige folk. Stine Karin som reiste til Kenya litt ufrivillig blei plutselig forelska i landet. Stine Karin som aldri har hatt lyst til å studere eller bo i utlandet skal no bo i Kenya i et halvt år! Ja, for det e det eg skal til høsten, for dei som ikkje e oppdatert. DTS gjennom Youth With A MissionAthi River Base i Kenya frå oktober 2008 til februar 2009. Det kribler i magen bare eg tenker på det. Og det e ein god kribling! Det e selvfølgelig mange ting som må ordnest før eg reiser, som visum, søknad, vaksiner, penger osv. Men det e ein god del som har ordna seg allerede.

Kordan eg endte opp med dette valget i steden for det som kanskje hadde vore det enklaste, å fortsette å studere i Oslo? For å sitere nåkke av det eg skreiv i Kenyadagboka mi siste dagen i Kenya: "Turens siste kveldssamling va i kveld. Litt trist at turen e over. Har opplevd så utrulig masse her, og hatt det så bra. Men på ein anna måte så va tre veke nok for denne gang. Skal bli godt å komme heim til Norge. Men håper ikkje dette e siste gang eg e i Afrika! Har veldig lyst til å reise tilbake...". For å sei det sånn, den lysten til å reise tilbake har ikkje sluppe taket.

I høst tenkte eg ikkje så masse på det. Visste eg skulle tilbake ein gang, men det va langt der framme. Først utdanning, så Afrika. Men før jul begynte eg og Linda (som eg bor (bodde) med) å leike med tanken om å reise ned der i eit halvt år for å jobbe f.eks. på ein barneheim. Først va det ikkje så seriøst, men etter kvart va det omtrent det einaste vi prata om. Vi begynte å undersøke ka organisasjon vi kunne reise gjennom, men så etter kvart så forsvant lysten til å gjere det litt. Trur ikkje det va meininga at det va det vi skulle gjere.

Men eg klarte ikkje heilt å slutte å tenke på å reise nedover. Eg sjekka ut mange alternativ; TeFT, Atlantis, NLM, Operasjon Mobilisering, Gå ut senteret, men fant ingenting som eg heilt kunne tenke meg. I tillegg til at eg vil tilbake til Afrika, har eg og hatt lyst til å gå på bibelskule, uten å ha hatt nåkken konkrete planer om å gjere det. Ein dag eg satt og surfa på nettet fant eg ut at det fantes DTS-skuler i Kenya. Bibelskule i Kenya! Dette va nåkke eg hadde lyst til, men eg fant ut at det va uaktuelt å reise aleine uten nåkken eg kjenner. Men som dåkke sikkert har forstått, så klarte eg ikkje slutte å tenke på det her. Eg har bedt heile veien om at Gud må vise meg ka eg skal gjere til høsten, om eg skal til Afrika eller om eg skal studere. Men no kom eg til et punkt der eg fant ut at hvis eg skulle på DTS måtte eg la Gud bekrefte det for meg. Det begynte med at eg fant ein blogg skreve av ei som e på DTS i Kenya no. Å lese den ga meg svar på masse av det eg lurte på. Etter kvart va eg ikkje redd for å reise aleine lengre. Det va ein periode snakk om at ei venninne av meg kanskje ville reise samme plass. Det trudde eg først va ein ting som blei lagt til rette for at eg skulle reise. Men så fekk eg vite at ho blir i Norge. Når eg snakka med Mari i Stavern spurte ho meg om ka eg egentlig ville. Reise med nåkken eller aleine. Då gjekk det opp for meg at eg faktisk vil reise aleine. Begynne heilt på nytt der nede, uten å ha nåkken kjente der for tryggheten sin skyld i tilfelle eg føler meg ensom. Det blir nok ein stor utfordring, men den e eg klar til å ta.

Eg skal ikkje fortelle om alt som har spilt inn på avgjørelsen min om å reise her, men eg kan sei at eg e veldig trygg på at eg skal reise. Og eg trur at det e Gud som har gitt meg den tryggheten. Ein ting som selvfølgelig va viktig i avgjørelsen, va Torbjørn. Ka ville han sei til at eg vil reise vekk i 5 måneder? Eg vil bare sei at eg har ein bra kjæreste:) Vi skal klare oss sjøl om 5 måneder kan virke lenge. Og forhåpentligvis kjem han og besøker meg;)

Dette blei langt, men eg kjente det va på tide å skrive nåkke om det her, siden det e nåkke som betyr veldig masse for meg. Dette blir nok ikkje det siste eg skriv om det som venter meg i høst, men akkurat no må eg konsentrere meg om eksamen som eg skal ha på fredag. E vanskelig å lese når eg heller vil planlegge Kenyatur, men det får vente:)

Skriblet av stinekarin klokka 23:26 7 reaksjoner