Wednesday, September 17, 2008

Ståa ei veke før eg reiser til Oslo

Enden på den lange lista mi over ting som må gjerest før eg reiser begynner faktisk å nærme seg, og det e deilig! Bare for å nevne nåkken ting som har blitt gjort i det siste:

  • Sendt søknad om visum - og fått visumet
  • Kjøpt reiseforsikring
  • Tatt vaksiner mot hepatit A og B, hjernehinnebetennelse, og så har eg tatt stivkrampen om igjen (og den va virkelig ikkje så fæl som alle maste om på barneskulen:P). På tirsdag skal eg ta ei sprøyte til, og få med meg ei drikkevaksine (mot kolera), pluss ein haug med malariatabletter
  • Testa ut om eg tåler malariatablettene Lariam, nåkke som eg heldigvis gjer (dei kan ha skumle psykiske bivirkninger...)
  • Hatt afrika/avskjedsfest med utkledning, kenyafilm og skikkelig bra folk:)
  • Handla inn nødvendige medisiner og andre livsviktige ting, som antibac og idoform (Eg brukte over 1000 kr bare på apoteket. Skremmende...)
  • Kjøpt diverse andre nødvendige saker, som til dømes impregnert myggnetting
  • Prøvepakka. Dette va nåkke eg hadde kvidd meg til lenge, då eg va veldig usikker på om eg fekk med meg alt eg ville ha i min 80-liters Bergans-sekk. I tillegg må jo vektbegrensningen på 23 kg ofres ein tanke. Men eg og Tonje fekk utrulig nok alt oppi sekken, og den veide under 17 kg! HERLIG!

Og så ein ting som ikkje va heilt planlagt. Eg har klart å bli forkjølt. Trudde eg skulle bli kvitt forkjølelsen i helga, men neida. I dag blei eg nesten sendt heim frå jobb fordi eg hosta, nesten mista stemmen, og sovna på sofaen i lunchpausen. Men eg nekter å bli sjuk no, så eg har store planer om å bli frisk igjen i helga, sånn at eg får utnytta dei siste dagane heime godt.

Når det gjeld reisefeberen, så merker eg at den blir mindre og mindre for kvar ting eg kan stryke på lista over ting som må gjeres. Samtidig så går det ikkje heilt opp for meg at om ei veke sitt eg på toget til Oslo og ei veke og ein dag etter det sitt eg på flyet til Nairobi. Det e faktisk ganske sjukt. Eg gleder meg!!

4 comments:

Sigrid said...

Eg e utruli stolt av deg Stine! <3

Va det Kenyafilm aka. BFF dåkk så? *kniiis* :P

stinekarin said...

:D

Nei, må ærlig inrømme at eg ikkje turde å vise BFF sin:P Vi viste den som Endre laga, den va litt meir passende for dei som ikkje har vore i Afrika sjøl;)

Sigrid said...

haha ;) klart. Må nestn ta å se den eg og snart.. hadde helt glemt at eg hadde den :)

Linda said...

oppdatering..!