Saturday, January 10, 2009

Veka i Nakuru

Foerste veke av outreach e saa godt som over, og det har vore spennende. Vi bor i Nakuru som e ein middels stor by, i et litt shabby omraade der vi maa ha eskorte av guttene for aa gaa heim til jentene sitt hus om kvelden. Men dei har internettcafe, saa daa e eg fornoeyd. Daakke og regner eg med.

Dei to foerste dagene her tok vi det ganske med ro. Onsdag besoekte vi ein skule i slummen, der det va ca 100 elever som enten e foreldrelause eller kjem fraa ekstremt fattige familier. Vi viste dramastykke til dei, fortalte bibelhistorier og leika med dei, og det va utrulig kjekt aa sjaa kor lett det va aa glede dei. Dei va overlykkelig naar dei scorte et maal i fotball og lo masse naar vi fortalte historier. Kontrasten kom neste dag, daa vi va paa ein primary school med 400 elever fraa meir velstaaende familier. Disse ungene/ungdommene hadde ein heilt anna instilling, kjeda seg lettere, og va veldig vanskelig aa ha kontroll over. Det fortell litt om kor masse meir du tar ting for gitt med ein gang du har litt meir. Det e naakke vi boer tenke over i Norge...

Ellers kjem eg ikkje utenom at eg e drittlei av unger (og voksne!) som roper mzungo etter meg, Lisa og Sarah (vi e dei einaste vestlige igjen paa DTSen) overalt kor vi gaar. Sjaa for deg at ein moerkhuda person besoeker ein plass i Norge der det ikkje e saa mange utlendinger, og dei som bor der roper "svarting" etter han. Trur dei fleste kan tenke seg til at det ikkje hadde blitt saa godt mottatt. No e ikkje mzungo et like gale uttrykk som svarting, men det gaar ut paa det samme, og det doemmer folk etter hudfargen. Og det e saa utrulig unoedvendig aa rope det etter oss uten naakken anna grunn enn at vi e kvit. (aaa, e vi kvit? DET har vi ikkje lagt merke til...) Saa vi e ganske fed up. Paa primary school paa torsdag satt eg og Sarah paa ein benk og prata. Fem minutt etter e vi omringa av over 100 unger som prater swahili, peiker, ler og foelger med paa kvar bevegelse vi gjer. Veit at dei ikkje meiner naakke gale med det, men det e utrulig slitsomt aa vere annerledes overalt der vi gaar. Ein anna ting som e nesten like irriterende e at alle unger vi moeter paa seie "how are you?" og det e greit nok i seg sjoel, men naar vi svarer "fine" eller naakke i den dur, saa svarer dei med "how are you?" og saann kan dei holde paa til dei har spurt 20 ganger. Og hvis det e 10 unger der som spoer paa ein gang, saa blir det rett og slett litt masse. Trur ikkje dei heilt forstaar at naar du har svart fine ein gang, saa e det ikkje noedvendig aa spoerre igjen et sekund etterpaa...

I gaar hadde vi et interessant besoek i ei kirke. Gudstjenesten varte i 4 timer, og eg va saa troett og lei at eg ikkje fekk med meg saa masse av det som skjedde. Eg sov faktisk 10 minutt av preika, og eg satt paa utstilling framme med alteret, saa det saag sikkert veldig bra ut:P Men eg gjekk tydeligvis glipp av ganske masse, for etterpaa kunne George fortelle meg at det hadde vore ei dame som forlot gudstjenesten i protest, pluss to damer som gjekk crazy og snakka kikoyo og hylte og jamra seg (eg gjekk ikkje glipp av det, men forsto ingenting av ka som skjedde). Grunnen va visst at dette va ei veldig konservativ kirke, der alle damene hadde dekka til hodet og haaret, naakke vi ikkje hadde gjort. Damer har heller ikkje lov aa snakke i kirka (takk Paulus), naakke vi gjorde ganske masse. Og i kirka satt damer paa ei side og mennene paa ei anna, og dei "viktigste" mennene satt framme med alteret, der eg og naakken av dei andre fraa DTSen og satt, naakke som visst va feil. Fant vi ut etterpaa. Saa vi braut visst dei fleste reglene i den kirka ubevisst. Det som va konge va at paa slutten av gudstjenesten bestemte pastoren seg for at disse reglene maatte dei bli kvitt, saa fraa no av kunne damene gaa og ordne seg paa haaret og kvitte seg med skautene, og dei skal faa lov aa snakke i kirka! Saa eg e gla vi braut dei reglene! No e eg ganske konservativ sjoel, men det faar vere maate paa... Kirkene her i Kenya e mannsdominerte nok fraa foer om ikkje damene skal maatte sitte i ro og ikkje faa lov til aa gjere naakke ut av seg.

I dag reiste George, Sarah og eg til Filadelfia, et barnehjem/skule i Nakuru som eg besoekte for to aar sia med Fredtun. Eg har et fadderbarn der, og eg hadde snakt med ledelsen om aa komme og besoeke han i dag. Men TIA (this is africa. masse brukt uttrykk her...), naar vi kom der, va ikkje han der. Saa eg la igjen ein lapp og ein liten presang, og haaper aa faa besoeke han neste gang i Kenya. Litt trist, men men.

Det e litt av det eg har opplevd denne veka. Gleder meg til aa komme heim, saa eg kan fortelle daakke alt eg gloemmer aa skrive her. Dei to neste vekene skal vi vere i bush bushen, og eg kan nesten garantere at eg ikkje har internett. Vi har ikkje stroem, saa kan vere ein smule vanskelig aa faa tak i meg. Men eg kan i alle fall svare paa sms. Blir spennende...

1 comment:

Anonymous said...

Hei Stine Karin! Kjekt å lesa ka du gjer på:) Du e tøff! No gler me oss te du kjem te Oslo! Elles så vil eg tipsa deg om å melda deg som lærarvikar viss ikkje du har andre jobba i sikte.. dei treng alltid folk på skulen der eg jobba:)Og elevane e veldig greie. Hadde vore kjekt å truffe deg i gangane.. hehe:) Kanskje ikkje detta du tenke mest på for tida, men eg berre nevne da.. Ha ein fortsatt god outreach!! klem fra Rita og Torbjørn